onsdag 22. oktober 2008

Tysdag kveld (tv-kveld)

Det er tysdag og tv-kveld. Eg må vere heime for å vente på ei leveranse frå Kolonihagen og kan då likegodt kose meg med det som måtte vere av interesse på tv.

Men eg kan ikkje kaste vekk kvelden min på det. Ein tv-kveld må nyttast til noko meir:



Ein god kopp te og bolle...



...og eit nytt prosjekt!



Etterkvart kom leveringa frå Kolonihagen; økologiske varer levert på døra. Det er som julekvelden annakvar tysdag!

Julegåve (nesten) i boks!

Då er eg i gang med årets julegåver. I år, som tidlegare, vil eg prøve å lage dei fleste av gåvene. (Det endar som oftast med at eg må kjøpe flesteparten likevel. Iveren i byrjinga er ofte større enn det eg har av tid. Men eg kan i alle fall håpe!) Heimelaga julegåver er best:)

Christmas is closing in on us.. I have just finished my first present!

Her er nokre bilete av fyrste produkt:









Vel, nesten ferdig.. Har framleis ein del trådar å feste!



Eit godt og varmt teppe til kalde vinterkveldar. Her til syning på mitt vakre tregolv!

søndag 12. oktober 2008

Fyrste dag

Denne bloggen kjem som eit resultat av at eg gjerne vil dele litt vakre ting med dykk der ute, og at eg i lengre tid har vorte inspirert av mi søster og andre bloggarar som deler observasjonar og vakre kreasjonar.

Takk til alle for det!

Så, grunnen til at eg endelig kom i gang akkurat i dag, er at eg har hatt ei vakker helg. Og med kamera på slep kan eg dokumentere dette. Oslo viste seg frå sitt absolutt aller beste og med mine nieser Hanna og Oda på besøk vart dette ei ganske så hyggelig helg!

My first blog! Want to show you some pictures from a beautiful weekend.


Vakre Grünerløkka i nydelig haustver.



Niese Hanna fann mange fine blad.



Storesøster Oda var villig til å posere for kamera.



Vi tok oss ein liten tur til Botanisk hage i går...



...og i dag var det endene langs Akerselva som trengte mat.



Vi avslutta søndagsmiddagen med eplekake. Eplene kjem rett frå svigermors hage. Beste sort!