ein raud stol
- om å famne om livet og raude stolar
fredag 20. mai 2011
Lesebol
Det er eksamenstid. Mi aller, aller siste, håpar eg..
Eg har bevega meg inn i eit vakum og tenkjer berre på kor deilig sommaren skal verte!
Lenge leve lyse kveldar og bekymringsfrie dagar. Velkomen tilbake, kjære kvardag. Om 3 veker...
onsdag 4. mai 2011
Mmmmm...

Eg har lenge leita etter den perfekte oppskrifta på brownie. Du veit, den som gjer kaka seig og har eit hint av karamell? Eg har funne den!
For litt sidan kjøpte eg ei ny kokebok - The Hummingbird Bakery - Kokeboken, og brownieoppskrifta her er fantastisk! Eg vil ikkje legge ut oppskrifta her, men anbefalar alle å kjøpe boka i staden.
Eg kan også anbefale havre- og rosinkjeksa og ei kake samansatt av brownie, ostekake og bringebærkrem...
Det blå (eller grønne) stettfatet på det øvste bilete er forresten heimlaga. Du kan lese om verkstaden som eg og systera mi hadde ein sommar ei tid tilbake.
I love cake and I love my new "Hummingbird Bakery Cookbook"!
mandag 2. mai 2011
Gåver til ein liten, utvida familie
Eit lite strikka sett. Oppskrift frå "Myk start". Eg kom forresten over bloggen til forfattaren her om dagen. Etter litt "research" og tilbakemeldingar på bloggen har eg funne ut at ho og har gitt ut ei sybok! Den skal absolutt inn i samlinga mi når eksamen og anna obligatorisk er ute av verda:)
Besøk "Myk start" her:
Heimelaga knekkebrød til mor og far.
Den flotte gåveposen har eg bestilt frå "Bake it Pretty". Kjapp levering og hyggelig, personlig helsing frå innehavar. Set i gang og snop:)
Besøk "Bake it Pretty" her:
Presents for a little family. You´ll find the knitting recipe in "Myk Start". The beautiful paper gift bag can be ordered at "Bake it Pretty".
Besøk "Myk start" her:
Heimelaga knekkebrød til mor og far.
Den flotte gåveposen har eg bestilt frå "Bake it Pretty". Kjapp levering og hyggelig, personlig helsing frå innehavar. Set i gang og snop:)
Besøk "Bake it Pretty" her:
Presents for a little family. You´ll find the knitting recipe in "Myk Start". The beautiful paper gift bag can be ordered at "Bake it Pretty".
fredag 29. april 2011
mandag 18. april 2011
Suksess med Suksess - kaketips!
Eg høyrte på Nitimen her om dagen. Kokke-Lise var då på besøk for å snakke om påske og den perfekte påskekaka. "Gulekaka", eller Suksessterte. Eg har ikkje prøvd meg på den før, men freistinga vart for stor. Og det var faktisk ganske enkelt, då Kokke-Lise delte litt eksperttips (på radioen) for å få den bra. Oppskrifta finn du her:Ekstra tips som ikkje står i oppskrifta:
- Bruk ei tresleiv til å røre kremen med under oppvarming. Og rør - heile tida - godt!
- Visp smøret luftig før du blandar det inn i den kule kremen.
Mmmm... heile kaka forsvann i løpet av eit døgn...
Men til mitt forsvar så brukte eg berre 2/3 av oppskrifta. Altså, kaka var ikkje så stor.
Lykke til og god påsketid!
Tilbake til hekling
Etter mykje strikking har eg tatt fram heklenåla igjen. Det er kjekkare enn strikking har eg funne ut. Rett og slett. Sidan eg har alt for mykje garn liggande har eg lenge tenkt at eg skulle bruke det opp på eit hekleteppe. Så, då er eg i gang.
Resultatet kjem etterkvart. Fyrst må eg feste alle trådane.
Resultatet kjem etterkvart. Fyrst må eg feste alle trådane.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









