fredag 20. mai 2011

Lesebol


Det er eksamenstid. Mi aller, aller siste, håpar eg..
Eg har bevega meg inn i eit vakum og tenkjer berre på kor deilig sommaren skal verte!
Lenge leve lyse kveldar og bekymringsfrie dagar. Velkomen tilbake, kjære kvardag. Om 3 veker...

Dette skal verte ei blomstereng


I følge beskrivelsen på frøpakken, skal dette verte ei eng med sommarblomar. Eg ventar i spenning:)

onsdag 4. mai 2011

Mmmmm...


Eg har lenge leita etter den perfekte oppskrifta på brownie. Du veit, den som gjer kaka seig og har eit hint av karamell? Eg har funne den!

For litt sidan kjøpte eg ei ny kokebok - The Hummingbird Bakery - Kokeboken, og brownieoppskrifta her er fantastisk! Eg vil ikkje legge ut oppskrifta her, men anbefalar alle å kjøpe boka i staden.

Eg kan også anbefale havre- og rosinkjeksa og ei kake samansatt av brownie, ostekake og bringebærkrem...

Det blå (eller grønne) stettfatet på det øvste bilete er forresten heimlaga. Du kan lese om verkstaden som eg og systera mi hadde ein sommar ei tid tilbake.

I love cake and I love my new "Hummingbird Bakery Cookbook"!

mandag 2. mai 2011

Gåver til ein liten, utvida familie

Eit lite strikka sett. Oppskrift frå "Myk start". Eg kom forresten over bloggen til forfattaren her om dagen. Etter litt "research" og tilbakemeldingar på bloggen har eg funne ut at ho og har gitt ut ei sybok! Den skal absolutt inn i samlinga mi når eksamen og anna obligatorisk er ute av verda:)
Besøk "Myk start" her:
Heimelaga knekkebrød til mor og far.
Den flotte gåveposen har eg bestilt frå "Bake it Pretty". Kjapp levering og hyggelig, personlig helsing frå innehavar. Set i gang og snop:)
Besøk "Bake it Pretty" her:



Presents for a little family. You´ll find the knitting recipe in "Myk Start". The beautiful paper gift bag can be ordered at "Bake it Pretty".