mandag 17. september 2012

Nytt liv - nytt innlegg


I siste innlegg skreiv eg om eksamen. Det var i mai i fjor. Studiet er eg ferdig med, og omtrent då eg vart ferdig fekk eg noko nytt å tenke på.
Ein liten gut var på veg inn i livet mitt.

Fokuset mitt dreia litt i ei anna retning, eg fekk meg ny jobb, ein gut kom til verda, absolutt alt vart snudd opp ned, kvardagen var i unntakstilstand - å skrive noko her inne... det kom litt lenger bak i prioriteringa.

Å finne tilbake til seg sjølv er ein jobb. Å ta seg nokre rolige stunder i løpet av dagen og få tid til å drøyme og å nyte livet er noko som endelig er i emming. Å feste desse stundene på "papiret" her på bloggen er eit lite mål i tida framover. Og no er det ein ekstra som er med på å gjere livet til noko meir spesielt: Samuel. Så han er med.

Det flotte teppet på biletet er laga av syster Solstrikke.

New life - new family member: Samuel.


Ingen kommentarer: