Då er eg i gang med årets julegåver. I år, som tidlegare, vil eg prøve å lage dei fleste av gåvene. (Det endar som oftast med at eg må kjøpe flesteparten likevel. Iveren i byrjinga er ofte større enn det eg har av tid. Men eg kan i alle fall håpe!) Heimelaga julegåver er best:)
Christmas is closing in on us.. I have just finished my first present!
Her er nokre bilete av fyrste produkt:
Vel, nesten ferdig.. Har framleis ein del trådar å feste!
Eit godt og varmt teppe til kalde vinterkveldar. Her til syning på mitt vakre tregolv!
7 kommentarer:
nydeleg teppe Kirsten!
Gry
Og eg veit kven som skal få det:)
Å jippi!! det blei kjempefint. Kanskje eg også skal prøve eit teppe med system og litt færre fargekombinasjonar neste gong.
Nydelig teppe, og gratulerer med blogg!
Ja, eg er veldig fornøgd med fargekombinasjonen! System er fint:)
Så fine "ruter" du har heklet! Nydelige :-) Kan jeg spørre hvor du fant oppskriften?
Å det ble et nydelig teppe, for en utrolig vakker kombinasjon !
Legg inn en kommentar