søndag 16. november 2008

Nytt soverom!

Etter ein månad med alt på hovudet her i huset er soverommet endelig klart til syning! Vi hadde ikkje planlagt oppussinga så veldig, berre at vi visste at vi ville det og korleis vi ville ha det! Oppussing ved sida av det daglege livet er tidkrevjande, så vi er fantastik takknemlige for at vi kom i mål. Og så med det resultatet!! Eg har desverre ikkje noko bilete frå før vi starta (for han starta utan meg, som ei overrasking), men eg kan fortelje litt: ein stk hems som slukte halve rommet, ein stk eplegrøn vegg og 3 stk veggar med altfor kremgul farge og stygg strietapet. Resultatet etter oppussing: lekkert!




Vi fekk god hjelp av svoger.


Stova var ganske sprengfull i ein månad.


Siste hand på verket!


Vakre detaljar.


Tada!!

tirsdag 4. november 2008

Min favorittkeramikar!

På førre blogg (tv-kvelden for eit par veker sidan...) drakk eg te frå ein vakker og ganske stilig kopp. Eg må berre legge ved nokre bilete til av den vesle samlinga mi med Margit-keramikk. Margit Seland er keramikar og tekstildesigner og bur i Amsterdam. Ho syng også i SKRUK (som meg) og har alltid med seg nye ting til sals på samlingane.

Dette er det eg har tatt med råd til til no;)