søndag 16. november 2008

Nytt soverom!

Etter ein månad med alt på hovudet her i huset er soverommet endelig klart til syning! Vi hadde ikkje planlagt oppussinga så veldig, berre at vi visste at vi ville det og korleis vi ville ha det! Oppussing ved sida av det daglege livet er tidkrevjande, så vi er fantastik takknemlige for at vi kom i mål. Og så med det resultatet!! Eg har desverre ikkje noko bilete frå før vi starta (for han starta utan meg, som ei overrasking), men eg kan fortelje litt: ein stk hems som slukte halve rommet, ein stk eplegrøn vegg og 3 stk veggar med altfor kremgul farge og stygg strietapet. Resultatet etter oppussing: lekkert!




Vi fekk god hjelp av svoger.


Stova var ganske sprengfull i ein månad.


Siste hand på verket!


Vakre detaljar.


Tada!!

2 kommentarer:

Marie sa...

Hei, Kirsten! Dette vart jo veldig fint! Eg likte spesielt den luta panelveggen.

-m

Martine sa...

Så fint de har fått det, Kirsten! No må eg snart kare meg opp av sofaen og kome på besøk:)