onsdag 5. januar 2011
Ein veldig fin sveis

Eg kom over dette biletet på bloggen A butterfly in my hair. Etter nærare undersøking fann eg oppskrifta på bloggen Elenita.no. Det er mykje ein kan finne på nettet...
tirsdag 4. januar 2011
Den gode kvardag

Eg merkar at eg er avhengig av snacks. No etter jula. Eg går rundt i huset og leitar etter noko å bite i heile tida. Det er desverre litt for mange restar etter julekaker her hjå meg, så no er eg på leit etter noko som kan erstatte dette. Og det MÅ vere godt! Sidan vi nettopp har passert nyttår er eg og oppteken av at det skal vere sunt. Sjølvsagt :)
Her er ei side som eg fann på jakt etter det gode og sunne. 30 tips.
Biletet er henta frå denne sida.
mandag 1. november 2010
Ein ny haust
Det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min, det ser eg no. Mykje har skjedd sidan sist og ein må gjere prioriteringar for å få mest ut av dagen. Eller, med det meiner eg, få mest kos ut av kvardagen.
For eg kan kose meg, og eg strikkar, heklar, går på fotokurs, øver meg på å vere lærar på vgs, tek mykje bilete, lagar god mat...
Og då vert det lita tid til resten; f. eks det å dele godsaker her inne. Men det skal eg sette i gang med no!
Fyrst - livet gjennom linsa.
lørdag 27. mars 2010
Smaken av bryllaup
Vi skal feire bryllaup i familien no i påska og derfor er eg litt i bryllaupshumør! Eg fann denne filmen på youtube når eg var på jakt etter ein anna bryllaupsfilm.
For ei glede:)
For ei glede:)
fredag 26. mars 2010
Vesle, russiske sparebøsse
Desse søte damene kjøpte eg på Mitt lille hjem i Markveien. Ein fantastisk koselig butikk - god atmosfære, fin musikk og ein haug med kvinneduppeditter.
Ein fin plass for å hente inspirasjon og for å finne fine gåver - til andre og seg sjølv:)

Ein fin plass for å hente inspirasjon og for å finne fine gåver - til andre og seg sjølv:)
Bestemødre
Eg fekk eit fint bilete av mormor i julegåve i år. Mormor som ung. Bilete har fått ei passande rame og står så fint i vinduskarmen.

I det andre vindauget står ein liten prøvelapp på hardangersaum. Denne fann eg når vi syskjenborna på farsida gjekk igjennom tinga til farmor og farfar. Det er nok farmor som har putla med denne vesle lappen.
Så, eg har fått meg nokre fine minne om bestemødrene mine i begge vinduskarmane i stova. Vakkert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



