tirsdag 27. januar 2009

Hekta på hekling!

Sidan eg hekla mitt første sekskantteppe har eg ikkje klart å slutte. Det er sånn med meg; viss eg først får sansen for noko klarer eg ikkje slutte. Og denne oppskrifta har eg kost meg med mange kveldar!

Det starta med ei julegåve, eit teppe i rosa og brunt (sjå tidlegare innlegg). Men så kom eg på at søstera til ho som skulle få det rosa hadde ønska seg eit i blått, så då vart det eit blått og brunt også. Bilete av det ferdige produktet har eg dessverre ikkje, men eg har bilete frå prosessen:









Eg har utrulig mykje teppegarn liggande etter mange turar til rogalandet. No i vinter har eg fleire venner som ventar små, så eg er derfor i gang med å bruke opp dette garnet på babyteppe. Dei er i litt "utradisjonelle" babyfargar; koksgrå og mørkebrun. Men syttitallet er retro, er det ikkje?

Dette er ferdig:






Dette har eg nettopp begynt på:

2 kommentarer:

Herr og fru Grimstad (snart) sa...

Det var på tide at du kom med ei oppdatering på bloggen din, Kirsten.

Eg kan knapt kome på betre fargar til eit babyteppe i 2009. Stå på!

Marie sa...

Fine tepper, Kirsten Ragnhild! Brunt og blått er så fint i lag!