søndag 29. november 2009

Kaldt og mørkt og lite sol





Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer.
Allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor så mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Når så klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebåre
største høgtidskveld i året.

Verda fekk ein liten gjest
difor held me barnefest.
Små og store høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja utan like
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No vil me med gledeståre
gje han rom i hjarto våre.

Tekst: L.F. Hov 1912
Tone: Anders Hove 1913


Ha ei fin adventstid!

onsdag 10. juni 2009

Tida som går så altfor fort...

...men det er ikkje så gale heller. Plutseleg, ja, for det følest veldig plutseleg, innser ein at sommaren er her igjen. Det er berre alt ein gjerne skulle ha fått tid til som gjer at denne kjensla er litt urovekkande og. Og i min jobb, der alt eg har jobba med heile året går av stabelen i løpet av den neste månaden... Puh!
Men, så var det alt det flotte også; Reiseradioen er tilbake 22.juni(!), folk i gatene ser stortsett litt lykkelegare ut, kveldane er lyse... og så er det klart for Kreta-tur på laurdag. Ein liten pust i bakken før jobben krever meg fullt og heilt.

Eg må ikkje gløyme å nyte desse ferske sommardagane og kveldane. Det bør vere glede nok i å stå opp, rusle meg langsomt til trikken (og innom Kaffebrenneriet) i sandalar, høyre på Reiseradioen, sitte ute i bakgården på kvelden...

Og til alle de andre som føler dei har mykje dei skulle få gjort: ha ein GOD forsommar!

søndag 12. april 2009

Liten kjole

Eg vart berre meir inspirert til å strikke babytøy når eg var ferdige med det førre prosjektet. Det er framleis ei lita jente som inspirerar meg, for det går i kjole og rosa..
Dette er altså årets påskeprosjekt.





God påske!

Her er eit lite knippe bilete frå denne påska.














lørdag 4. april 2009

Ein raud stol

Sidan eg så tydeleg proklamerar at eg likar raude stolar, har eg skaffa meg ein! Den raude stolen (med sine turkise syskjen) vart kjøpt på søndagsmarkedet i Birkelunden for eit par veker sidan. Etter ein lang vinter trengte eg noko som kunne friske opp stova, og det gjer desse verkeleg!








torsdag 2. april 2009

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.


tirsdag 31. mars 2009

Barnekle til ei vakker jente

Eg fekk lyst å lage noko meir enn berre teppe når ei venninde fekk ei lita jente i februar. No i helga var eg på fyrste besøk og fekk overrekt gåva. Det passa!







Orkidéen min!

For alle dykk som gir opp orkidéane dykkar: det er håp!
Eg kjøpte min fyrste orkidé for omlag 2 år sidan. Det gjekk ikkje lang tid før den vesle kvisten var heilt død. Ikkje berre at blomane datt av, men eg måtte klippe av heile kvisten. Men blada var der, så er heldt fram med å vatne den.
Og så, etter jul dukka det opp ein spire! Eg følte meg som ei mor! Spiren vaks og etterkvart kom det knoppar, og no; blomar!

onsdag 18. februar 2009

Det vakre ved Mali

Eg har nettopp vore i Mali. Eg var der ikkje meir enn ei veke, men det var nok til å sitte igjen med ein mengde inntrykk. Nokre bilete tok eg også! Mali er varmt, det er tørt, der er mykje støv, uferdige hus overalt, søppel overalt, men likevel så vakkert og så eksotisk og annleis enn gamle Noreg.

Som ein programleiar i Travel Chanel sa om Noreg (etter å ha sett resten av verda, omtrent): "Your cities and country are well organized, but where is the spice?" Litt sånn følest det etter ei slik reise. Norge er veldig bra og skikkelig og eg trur ikkje eg vil bu nokon annan stad, men det finst meir krydder der ute...


Eg elskar sykkelmotiv...





Utsnitt frå ein fulanerlandsby, Doma, som vi besøkte.



Alltid velkledde kvinner!



Syden-blomar strødd rundt omkring...


fredag 30. januar 2009

Eg er med også...!

Eg er med og konkurrerar om eit gåvekort frå herlige Snella & PetronellaDuften av erteblomster sin blogg.



Dei har ei herlig samling av knappar! Fann nettopp ut at butikken deira i Oslo er i nabolokalet til mi første bustadsadresse i Tigerstaden! Trur eg skal snike meg tilbake til gamle trakter;)

onsdag 28. januar 2009

Mitt eige merke!

No har eg endelig fått bestilt meg mitt eige merke! Brukte lang tid på å forme med, få dei rette orda og fargane, og eg vart veldig fornøgd med resultatet. Det følest bra å sy det på eit handlaga produkt! Hakket meir proft på ein måte...



tirsdag 27. januar 2009

Hekta på hekling!

Sidan eg hekla mitt første sekskantteppe har eg ikkje klart å slutte. Det er sånn med meg; viss eg først får sansen for noko klarer eg ikkje slutte. Og denne oppskrifta har eg kost meg med mange kveldar!

Det starta med ei julegåve, eit teppe i rosa og brunt (sjå tidlegare innlegg). Men så kom eg på at søstera til ho som skulle få det rosa hadde ønska seg eit i blått, så då vart det eit blått og brunt også. Bilete av det ferdige produktet har eg dessverre ikkje, men eg har bilete frå prosessen:









Eg har utrulig mykje teppegarn liggande etter mange turar til rogalandet. No i vinter har eg fleire venner som ventar små, så eg er derfor i gang med å bruke opp dette garnet på babyteppe. Dei er i litt "utradisjonelle" babyfargar; koksgrå og mørkebrun. Men syttitallet er retro, er det ikkje?

Dette er ferdig:






Dette har eg nettopp begynt på: