Eg er ikkje ein person som seier "denne lampen MÅ eg berre ha". Men den er veldig fin. Så eg kan seie "det hadde vore fint å få ein slik lampe ein gong."
Eg kom over dette biletet på bloggen A butterfly in my hair. Etter nærare undersøking fann eg oppskrifta på bloggen Elenita.no. Det er mykje ein kan finne på nettet...
Eg merkar at eg er avhengig av snacks. No etter jula. Eg går rundt i huset og leitar etter noko å bite i heile tida. Det er desverre litt for mange restar etter julekaker her hjå meg, så no er eg på leit etter noko som kan erstatte dette. Og det MÅ vere godt! Sidan vi nettopp har passert nyttår er eg og oppteken av at det skal vere sunt. Sjølvsagt :)
Her er ei side som eg fann på jakt etter det gode og sunne. 30 tips.