søndag 29. november 2009

Kaldt og mørkt og lite sol





Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer.
Allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor så mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Når så klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebåre
største høgtidskveld i året.

Verda fekk ein liten gjest
difor held me barnefest.
Små og store høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja utan like
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No vil me med gledeståre
gje han rom i hjarto våre.

Tekst: L.F. Hov 1912
Tone: Anders Hove 1913


Ha ei fin adventstid!