mandag 1. november 2010

Ein ny haust


Det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min, det ser eg no. Mykje har skjedd sidan sist og ein må gjere prioriteringar for å få mest ut av dagen. Eller, med det meiner eg, få mest kos ut av kvardagen.

For eg kan kose meg, og eg strikkar, heklar, går på fotokurs, øver meg på å vere lærar på vgs, tek mykje bilete, lagar god mat...

Og då vert det lita tid til resten; f. eks det å dele godsaker her inne. Men det skal eg sette i gang med no! 

Fyrst - livet gjennom linsa.

lørdag 27. mars 2010

Smaken av bryllaup

Vi skal feire bryllaup i familien no i påska og derfor er eg litt i bryllaupshumør! Eg fann denne filmen på youtube når eg var på jakt etter ein anna bryllaupsfilm.
For ei glede:)

fredag 26. mars 2010

Vesle, russiske sparebøsse

Desse søte damene kjøpte eg på Mitt lille hjem i Markveien. Ein fantastisk koselig butikk - god atmosfære, fin musikk og ein haug med kvinneduppeditter.

Ein fin plass for å hente inspirasjon og for å finne fine gåver - til andre og seg sjølv:)



Bestemødre

Eg fekk eit fint bilete av mormor i julegåve i år. Mormor som ung. Bilete har fått ei passande rame og står så fint i vinduskarmen.

I det andre vindauget står ein liten prøvelapp på hardangersaum. Denne fann eg når vi syskjenborna på farsida gjekk igjennom tinga til farmor og farfar. Det er nok farmor som har putla med denne vesle lappen.

Så, eg har fått meg nokre fine minne om bestemødrene mine i begge vinduskarmane i stova. Vakkert.





torsdag 18. februar 2010

Oppskrifta


Fleire har spurt etter oppskrifta til den "akk, så god"-müslien som eg har skrive om tidlegare.
I grunnen kan ein gjere oppskrifta enkel og seie "man taver hva man haver", men her er nokre mål å gå etter:

150 gr store havregryn (ikkje lettkokte)
25 gr skiva mandlar
25 gr hakka valnøtter
25 gr hakka pekannøtter
25 gr hakka hasselnøtter
25 gr gresskarfrøkjerner
25 gr solsikkefrøkjerner

200 gr honning (av typen flytande, blank, f. eks akasiehonning)
2 ss solsikkeolje

Bland alle tørre ingrediensar i ein bolle. Varm forsiktig opp olje og honning i ei panne. Dette skal ikkje koke, men verte tyntflytande. Bland det tørre og den varme honningen med ein slikkepott. Pass på at alt vert dekt av honning!
Sprei blandinga på ei steikeplate med bakepapir. Steik på 175 grader i 15-20 min. Rør litt rundt på müslien eit par gongar under steiking slik at alt får ein jamn og djup gyllen farge (NB: ikkje mørkebrun).
Müslien vert fin og sprø når den har kjølna!

Oppbevar lufttett.


onsdag 3. februar 2010

Ein dobb her og ein dobb der..


Eg har starta produksjon av øyredobbar og kan no legge det til sortimentet til "Skaparglede"!
Her om dagen besøkte eg "Perlehuset" (også "Knappehuset") og leita i gjennom mengder av materiale for å finne det perfekte. Det tok sjølvsagt tid, for her er det mykje å velje mellom.

Her er eit lite utval av produksjonen. Vil du ha eit par?



Kvite blomar.


Fest-dobben.


Svart og mystisk..


Eg måtte prøve meg på fingerpynt og.


Vareutvalet.


tirsdag 2. februar 2010

Müsli


I førre nummer av Kamille fann eg ei oppskrift på müsli som eg berre måtte prøve. Eg strekk meg heile vegen for å leve eit sunt liv, og å ete mat laga heilt frå "skrætsj" er ein del av det:) Det var veldig enkelt å lage og smakar heilt fantastisk! Eg anbefalar heimelaga müsli!






Snødekte Jæren


For niande gong på over 50 år (ifølge svigermor) var det kvit jul i Sandnes. Ikkje berre jul, det er framleis veldig kvit vinter. Og dette fekk eg oppleve! Eg sørga då sjølvsagt for å få dokumentert det.













lørdag 16. januar 2010

Lys i vintermørket


Jula er over, men lys er framleis viktig å pynte med:) Eg har ein gamal smijarnslampe i stova. Lampeskjermen tok så mykje av lyset, så den måtte vike for litt kreativ kunst av perler.






fredag 15. januar 2010

Pølseverkstad

Før jul hadde eg pølseverkstad saman med gode vener.

Dette er noko som eg og mannen min har tenkt på lenge og vi fekk med oss to andre, gode venepar. Resultatet vart fornøyeleg og nydeleg! Vi starta tidleg ein laurdag og avslutta det heile med eit festmåltid! Pølser på menyen: Vigramør, Toscanapølser, Chorizo og Haustpølse.

Det kan kanskje høyrest småekkelt ut med pølse, men berre tenk kor fantastisk det er når ein kan bestemme innhaldet i pølsa sjølv! Då veit ein kva ein et!


Ein viktig del av verkstaden: to flotte Kenwood kjøkenmaskiner!


Kveilar i lange baner..


Tilbehøret er viktig! Sylteagurkar og sennep.