mandag 17. september 2012

"Nye" møblar


Ein kan lett bruke mykje pengar på ein ny person. Det kjennest ekstra godt når ein kan vere fornuftige og ikkje gjere det, samtidig som ein sparer miljøet for overproduksjon. Når ein finn det ein treng på bruktbutikken, kvifor kjøpe nytt?


New "old" furniture.

Nytt liv - nytt innlegg


I siste innlegg skreiv eg om eksamen. Det var i mai i fjor. Studiet er eg ferdig med, og omtrent då eg vart ferdig fekk eg noko nytt å tenke på.
Ein liten gut var på veg inn i livet mitt.

Fokuset mitt dreia litt i ei anna retning, eg fekk meg ny jobb, ein gut kom til verda, absolutt alt vart snudd opp ned, kvardagen var i unntakstilstand - å skrive noko her inne... det kom litt lenger bak i prioriteringa.

Å finne tilbake til seg sjølv er ein jobb. Å ta seg nokre rolige stunder i løpet av dagen og få tid til å drøyme og å nyte livet er noko som endelig er i emming. Å feste desse stundene på "papiret" her på bloggen er eit lite mål i tida framover. Og no er det ein ekstra som er med på å gjere livet til noko meir spesielt: Samuel. Så han er med.

Det flotte teppet på biletet er laga av syster Solstrikke.

New life - new family member: Samuel.