fredag 29. april 2011

God fradags morgon! - med eller utan bryllaup..


... men med scones, smoothie og kaffi. Og forhåpentligvis litt oppgåveskriving.


Have a nice friday!

mandag 18. april 2011

Suksess med Suksess - kaketips!

Eg høyrte på Nitimen her om dagen. Kokke-Lise var då på besøk for å snakke om påske og den perfekte påskekaka. "Gulekaka", eller Suksessterte. Eg har ikkje prøvd meg på den før, men freistinga vart for stor. Og det var faktisk ganske enkelt, då Kokke-Lise delte litt eksperttips (på radioen) for å få den bra. Oppskrifta finn du her:

Ekstra tips som ikkje står i oppskrifta:
- Bruk ei tresleiv til å røre kremen med under oppvarming. Og rør - heile tida - godt!
- Visp smøret luftig før du blandar det inn i den kule kremen.



Mmmm... heile kaka forsvann i løpet av eit døgn... 
Men til mitt forsvar så brukte eg berre 2/3 av oppskrifta. Altså, kaka var ikkje så stor.

Lykke til og god påsketid!

Tilbake til hekling

Etter mykje strikking har eg tatt fram heklenåla igjen. Det er kjekkare enn strikking har eg funne ut. Rett og slett. Sidan eg har alt for mykje garn liggande har eg lenge tenkt at eg skulle bruke det opp på eit hekleteppe. Så, då er eg i gang.
Resultatet kjem etterkvart. Fyrst må eg feste alle trådane.

Vår på Løkka!

Det vert nesten ein klisjé når eg seier det, men det ER SÅ DEILIG MED VÅR!

Butikkane dreg varene ut på fortauet og ein kan berre gå og snope med augene i vårsola. Deilig!

onsdag 6. april 2011

Kva er viktig i livet?


Om pengar 
For pengar kan ein få alt, heiter det.
- Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen;
den er ikkje for pengar fal.
Arne Garborg