torsdag 18. februar 2010

Oppskrifta


Fleire har spurt etter oppskrifta til den "akk, så god"-müslien som eg har skrive om tidlegare.
I grunnen kan ein gjere oppskrifta enkel og seie "man taver hva man haver", men her er nokre mål å gå etter:

150 gr store havregryn (ikkje lettkokte)
25 gr skiva mandlar
25 gr hakka valnøtter
25 gr hakka pekannøtter
25 gr hakka hasselnøtter
25 gr gresskarfrøkjerner
25 gr solsikkefrøkjerner

200 gr honning (av typen flytande, blank, f. eks akasiehonning)
2 ss solsikkeolje

Bland alle tørre ingrediensar i ein bolle. Varm forsiktig opp olje og honning i ei panne. Dette skal ikkje koke, men verte tyntflytande. Bland det tørre og den varme honningen med ein slikkepott. Pass på at alt vert dekt av honning!
Sprei blandinga på ei steikeplate med bakepapir. Steik på 175 grader i 15-20 min. Rør litt rundt på müslien eit par gongar under steiking slik at alt får ein jamn og djup gyllen farge (NB: ikkje mørkebrun).
Müslien vert fin og sprø når den har kjølna!

Oppbevar lufttett.


onsdag 3. februar 2010

Ein dobb her og ein dobb der..


Eg har starta produksjon av øyredobbar og kan no legge det til sortimentet til "Skaparglede"!
Her om dagen besøkte eg "Perlehuset" (også "Knappehuset") og leita i gjennom mengder av materiale for å finne det perfekte. Det tok sjølvsagt tid, for her er det mykje å velje mellom.

Her er eit lite utval av produksjonen. Vil du ha eit par?



Kvite blomar.


Fest-dobben.


Svart og mystisk..


Eg måtte prøve meg på fingerpynt og.


Vareutvalet.


tirsdag 2. februar 2010

Müsli


I førre nummer av Kamille fann eg ei oppskrift på müsli som eg berre måtte prøve. Eg strekk meg heile vegen for å leve eit sunt liv, og å ete mat laga heilt frå "skrætsj" er ein del av det:) Det var veldig enkelt å lage og smakar heilt fantastisk! Eg anbefalar heimelaga müsli!






Snødekte Jæren


For niande gong på over 50 år (ifølge svigermor) var det kvit jul i Sandnes. Ikkje berre jul, det er framleis veldig kvit vinter. Og dette fekk eg oppleve! Eg sørga då sjølvsagt for å få dokumentert det.