onsdag 23. februar 2011

Små gåver 2


Ugler er visst det store for tida.
Hels på Ugle. Eg trur eg skal masseprodusere ho, for eg likte ho veldig godt. Og prototypen har eg gitt vekk, så eg må uansett lage ei til meg sjølv.

Små gåver 1


Eg har veldig mykje hushaldningshyssing liggande. Det er perfekt å bruke til desse, då hyssinga er litt stivare enn vanleg bomullstråd. Små brikkar. Er usikker på kva ein kallar desse, så eg vil kalle dei kaffibrikkar!

tirsdag 15. februar 2011

torsdag 10. februar 2011

Draumen


Ein kan rett og slett ikkje bli for skuffa når det kjem ny snø i februar. I alle fall ikkje i Norge.






Ein kan heller bruka tida på å drøyme...

...... om sommar (og vakre Sverige).

tirsdag 1. februar 2011

Rein nyting, midt i veka!

Kvifor spare den flotte maten til eit spesielt høve, når det kan vere like enkelt, billig og kjapt å lage den på ein kvardag? Nyt i veg!


Frisesalat med raudlauk, grilla kalkun (fint med kalkunrestar i frysaren!), krutongar og chèvre. Det heile er toppa med eit dryss sesamfrø, god olivenolje og himmelsk balsamico frå Oliviers.

Oppskrifta har eg lånt av svoger/svigerinne.





Kan eg forsyne meg snart?












Enda meir himmelsk - heimelaga sjokoladesaus!

75 gr sjokolade (50-70%)
25 gr ekte smør
1 ss honning

Varm i vannbad.
Server den varm på vaniljeisen.

God morgon!


Mmmmm.. dette drøymer eg om no.
Amerikanske pannekaker.
Her er ei oppskrift frå Tine som fungerar - som vist på bilete;)

3 dl kveitemjøl
2 egg
2 1/2 dl mjølk
50 gr ekte smør
1 ss sukker
2 ts bakepulver
0,4 ts salt

Smelt smør, bland i mjølka og vispa egg. Bland alt det tørre og visp i smør/mjølk/egg-blandinga.
Steik på middels varme. Server med maplesirup!