Denne bloggen kjem som eit resultat av at eg gjerne vil dele litt vakre ting med dykk der ute, og at eg i lengre tid har vorte inspirert av mi søster og andre bloggarar som deler observasjonar og vakre kreasjonar.
Takk til alle for det!
Så, grunnen til at eg endelig kom i gang akkurat i dag, er at eg har hatt ei vakker helg. Og med kamera på slep kan eg dokumentere dette. Oslo viste seg frå sitt absolutt aller beste og med mine nieser Hanna og Oda på besøk vart dette ei ganske så hyggelig helg!
My first blog! Want to show you some pictures from a beautiful weekend.
Vakre Grünerløkka i nydelig haustver.
Niese Hanna fann mange fine blad.
Storesøster Oda var villig til å posere for kamera.
Vi tok oss ein liten tur til Botanisk hage i går...
...og i dag var det endene langs Akerselva som trengte mat.
Vi avslutta søndagsmiddagen med eplekake. Eplene kjem rett frå svigermors hage. Beste sort!
2 kommentarer:
Å så kjekt med besøkshelg, Kirsten.
Endeleg er du i gong :)
Jentene storkosa seg hos dykk i helga, det er iallefall sikkert. Og det var stor stas å sjå bilder av seg sjølv på nettet, men kvar var bilde av tante Kirsten lurte Hanna på... :)
Gry
Legg inn en kommentar