mandag 18. april 2011

Suksess med Suksess - kaketips!

Eg høyrte på Nitimen her om dagen. Kokke-Lise var då på besøk for å snakke om påske og den perfekte påskekaka. "Gulekaka", eller Suksessterte. Eg har ikkje prøvd meg på den før, men freistinga vart for stor. Og det var faktisk ganske enkelt, då Kokke-Lise delte litt eksperttips (på radioen) for å få den bra. Oppskrifta finn du her:

Ekstra tips som ikkje står i oppskrifta:
- Bruk ei tresleiv til å røre kremen med under oppvarming. Og rør - heile tida - godt!
- Visp smøret luftig før du blandar det inn i den kule kremen.



Mmmm... heile kaka forsvann i løpet av eit døgn... 
Men til mitt forsvar så brukte eg berre 2/3 av oppskrifta. Altså, kaka var ikkje så stor.

Lykke til og god påsketid!

Ingen kommentarer: